Om liv og lære – Ein smakebit frå forfattarskapet til Tove Ditlevsen

Astrid Sundset Moe

Skrevet av Astrid Sundset Moe

Tove Ditlevsen vart født 14. desember 1917, og ville i år vore 101 år gammal. Og når ein først har fylt 100, så speler ikkje eitt år frå eller til så mykje, så dermed har ho fått plass saman med dei som jubilerer i år. Ho vaks opp på Vesterbro i København i ein arbeidarklassefamilie. Ho levde til tider eit ganske hardt liv, og ho tok sitt eige liv 7. mars 1976. Da hadde ho vore inn og ut av psykiatriske institusjonar i fleire år, kjempa med rusmisbruk og skilt seg for fjerde gong. Alt dette og meir til fann stad på open scene i media – ho inviterte journalistar, og dermed heile Danmark, inn i sitt liv. Ho brukte pressa for å fremje eige forfattarskap – selje fleire bøker – og, kombinert med ei populær brevspalte ho skreiv i fleire år, vart ho ein forfattar heile Danmark hadde eit forhold til, ikkje minst arbeidarklassekvinner. Forfattarskapet tek opp typiske «kvinnesaker» som kvinneleg seksualitet, kjærleik, abort og familieliv, då spesielt innan arbeidarklassen.

Ho var tidleg klar på at det var forfattar ho skulle bli, og ho kom på trykk for første gong med diktet «Til mit døde barn» i tidsskriftet Vild Hvede i 1937, berre 19 år gammal. To år seinare kom bokdebuten med diktsamlinga Pigesind (1939), deretter følgde romanen Man gjorde et Barn Fortræd (1941) før det store gjennombrotet kom med Barndommens Gade i 1943. Ditlevsen var ein produktiv og allsidig forfattar, ho skreiv barnebøker, lyrikk, romanar, noveller, essayistisk journalistikk og brevspalte. Det vanleg å rekne dei sjølvbiografiske bøkene Barndom (1967), Ungdom (1967) og Gift (1971) som hennar hovudverk, sjølv om ein kan sjå bruk av eige liv, og då spesielt barndom, også i det tidlege forfattarskapet.

Min inngang til Ditlevsens forfattarskap går via Vigdis Hjorth, og Hjorth skriv i eit essay om korleis Ditlevsens forfattarskap har fungert som trøyst: Tanken er at når du sjølv har dumma deg ut i fylla, til dømes, er det alltid godt å lese om nokon andre som har gjort dumme ting. Sett på den måten er det, i alle fall for meg, eit slektskap mellom dei to forfattarskapa sida Hjorths forfattarskap til tider har vore til trøyst. Samstundes tør eg påstå at både Hjorth og Ditlevsen gir lesaren noko meir enn trøyst, dei sett begge ting i perspektiv.

Romandebuten Man gjorde et Barn Fortræd tek opp barnemishandling, klasseperspektiv og kvinneleg seksualitet. Heltinna i romanen er arbeidarklassejenta Kirsten Worm har blitt utsett for eit overgrep som jentunge, noko ho har fortrengt. Ho er nitten år gammal og forelska. Det lokkar fram begjæret i ho, som igjen tvinger fram det ho har fortrengt. Samstundes er livssituasjonen ein tvangstrøye, som han er for dei aller fleste tenåringar som bur heime i ein infantil symbiose med foreldra. Ho jobbar som sekretær i eit trykkeri, og heller ikkje her er det framtidsutsikter. Ditlevsen budde sjølv heime og jobba på kontor før ho gifta seg for første gong, og skal ein tru skildringa av tilværet på kontor i romanen, var ikkje det særleg givande:

 

kaldt er det på kontoret, hvor tre mennesker møtes hver dag,
sleper med seg hver sine sorger og gleder og måler dem engstelig
mot dagens tungsindige timehav og tidens langsommelige,
lydløse gang mot tilintetgjørelsen.

 

Generelt er det mykje som er farga grått i Kirstens daglege liv. Unnataket er venninna Nina og kjærasten Jørgen. Nina er venninna som er alt Kirsten ikkje er: ho er utåtvend, overflatisk, har stadig nye vennar og elskarar. Hovudgeskjeften i Ninas liv er å drikke med vennar, noko Kirsten får del i. Slik har ho møtt Jørgen, som viser seg, til Kirstens overrasking, å vere medisinstudent, fattig middelklasse, ikkje arbeidarklasse – kva gjer han då her med oss, tenkjer Kirsten. Han, på sin side, vil gjerne redde alle uskyldige arbeidarklassebarn og innrømmer at han blir tiltrekt av dei som er skadd og treng hjelp. Han ser på Nina som eit uhjelpeleg tilfelle, utan å vite at han sjølv er forelska i ei med enda større potensial til å øydelegge seg sjølv. Det er eit motiv som får fram at klasse handlar oppvekst, men det er så gjort så kjapt og lett at det fell igjennom, og er nok romanens svakaste parti/motiv.

Kirsten veit ikkje sjølv at ho er «skada», ikkje før ho ein kveld får sjå begjæret Jørgen har: «Han satt med åpen munn, øynene var sløret, over hele ansiktet var det noe fremmed og grufullt, som skar igjennom hennes bevissthet som et minne om noe forferdelig» (Ibid: 13). Ho skuvar han frå seg. Angsten ho kjenne, vil ikkje forsvinne: Ho vil så gjerne leve, som ho seier, og vere saman med Jørgen – å leve er forbundet med han – men angsten lammar henne stadig meir. Ho kryp inn i seg sjølv, mister kontakten med Nina og Jørgen, som var hennar sjanse på ein klassereise.

Om romanuniverset til å byrje med er kaldt og grått, blir det ikkje mindre kaldt og grått etter kvart som Kirstens angst veks; København er stuck i evig vinter, vår og sommar kjem aldri med sitt håp, varme dagar, sollys og lett sommarregn. Angsten tek over alt i Kirstens verd, det som i starten av romanen var ein grå og klaustrofobisk bakgrunn tek over romanen. I beste naturalistiske ånd verkar undergangen uunngåeleg, og for ein lesar med eit anstrengt forhold til sjangeren, blir det nesten litt for mykje (på ein god måte). Samstundes byggar det seg opp ei spenning, for Kirsten søkjer etter kva det er som skjer med henne. Det er godt driv i forteljinga og lesaren blir riven med i jakta på løysinga, som i ein krimroman, der fortida hentast fram og til slutt konfronterast. Igjennom ei blytung og grå verd blir det til slutt født eit nytt håp på grunn av Kirstens eige mot og vilje til å leve, og lesaren trekk eit lettelsens sukk.

Hjorth medgir at Ditlevsen er tøffare enn ho sjølv, og då siktar ho til det sjølvbiografiske. Men som romandebut er Man gjorde et Barn Fortræd ganske tøff tematisk. Dei to siste setningane i romanen er: «Hatet kan vi glemme. Aldri kjærligheten», og det er ord som lyder hult og platt etter så engasjerande lesing. Med dei in mente kan ein forstå dei, som ifølgje Hjorth, har meint at Ditlevsens forfattarskap til tider blir for enkelt og på grensa til platt. Det er også dei som vil halde hennar enkle og tradisjonelle form mot henne.

Samstundes, er det ikkje ein kunst å skrive enkelt og engasjerande? At det er enkelt, tyder ikkje at det er platt, og temaa som Ditlevsens så enkelt vever saman, er alt anna enn enkle. Ein skal heller ikkje gløyme at Ditlevsens forfattarskap famnar breitt, og i det finn ein mykje levd liv til både glede og trøyst. Ho var særs moderne i korleis ho skapte seg ein offentleg profil i eiga tid, og skal ein tru på dei som løftar ho fram igjen no, var hennar tematisering av klasse, familieliv og kvinner sin stilling, framleis ikkje gått ut på dato.

Litteratur:

Ditlevsen, Tove. Man gjorde et Barn Fortræd. 1998[1941]. Omsett av Knut Johansen. Forlaget Oktober.

Hjorth, Vigdis. Fryd og fare. Essay om diktning og eksistens. (2013). Cappelen Damm.

Ravn, Olga. «Etterord» i Der bor en ung pige i mig, som ikke vil dø (2018). Gyldendal
https://nordicwomensliterature.net/da/writers/ditlevsen-tove-irma-margit/

Teksta er bestilt i forbindelse med Ugressfestivalen og arrangementet “Jubilanter og debutanter”Astrid Sundset Moe har en mastergrad i allmenn litteraturvitenskap fra NTNU, og arbeider som rådgiver ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.

 

Lesninger, Ugressfestivalen 2018:

Astrid Sundset Moe: Om liv og lære – Ein smakebit frå forfatterskapet til Tove Ditlevsen

Bjørnar Aaseng: Om André Bjerke

Even Teistung: Barndommens råskap – Om Gummi-Tarzan

Fredrik Guneriussen: Kunsten å skyte ei rugde – Om Hans Børli

Ingri Løkholm Ramberg: På opptråkkede stier – Om Aasmund Olavsson Vinje

Sigrid Elise Strømmen: Sårenes salt – Ei lesning av Om nettene brukar mor dråpeteljar 

Siri Aurland Bredesen: Solens sønn – Ei lesning av jonathan og sailor j.

Fra bokhylla til Litterært Kollektiv

Som en oppvarming til årets Ugressfestival og arrangementet “Hva er greia med gutta?”,

leste Litterært Kollektiv sine barndomsfavoritter på ny i sommer:

Fra bokhylla til Andrine: Harry Potter

Fra bokhylla til Hanna: Marikken

Fra bokhylla til Ingrid: Pippi Langstrømpe

Fra bokhylla til Mathias: Ringenes herre

Fra bokhylla til Siri: Marit Tusvik

Fra bokhylla til Åshild: Torun Lian